61 menneske har dødd i dei norske fjella dei siste 10 åra og vi er alle einige om at det er altfor mange. Som toppen av alle ulykkene hadde vi den i Øksendalen for to år sidan som er den største sidan Vassdalulykken i 1986. Ein del snakkar om at det er mykje større sannsynligheit for å dø i trafikken enn på fjellet. Sjølv kjenner eg 1 person som har dødd i trafikken, men kjenner minst 1/år som har dødd i fjellet i løpet av dei siste 6 åra – som alltid med statistikk stemmer den ikkje for alle.

Det einaste vi som står igjen kan gjere er å ta lærdom av andre sine mistak og sjå til at vi ikkje gjer same feil. Vi må studere ulykkene og forsøke å skjønne kva som har gått gale.

Nedanfor har eg henta litt fakta fra et nokre av ulykkene som Kjetil Brattlien, NGI, har skildra. Alle ulykkesrapportene finst å lese på: www.ngi.no/no/snoskred/ulykker/

Info fra NGI sine ulykksrapportar 

Skredulykke Øksendalen, mandag 15.04.2014

Omkomne:
4 menn 27, 28, 36 og 37 år

Snø- og værforhold:
Mykje nedbør og vind dagen før ulykka og ulykkesdagen, og gruppa vurderte at skredfaren var 3-betydelig. 

Øvrig info:
Meget erfarne og godt kjende i området. Alle hadde skredsøkar, spade og søkestang, tre av mennene hadde skredsekkar. Fleire i gruppa hadde vore i området fleire dagar før ulykka. 

 

Skredulykke Jønndalen, Uvdal, lørdag 22.02.2014

Omkomne:

Ein mann, 29 år

Snø- og værforhold:

Lettskya vær med vind og nokre få minusgrader då ulykka skjedde. Temperaturstiging fra -18 siste 2 døgn.

Øvrig info:

Dei hadde kjørt ned samme terrenget året før på omtrent samme tid. Dei hadde ikkje spade, skredsøkar eller søkestang.

 

Skredulykke Kroken, Tromsø, søndag 24.03.2013

Omkomne:

Ein mann, 38 år 

Snø- og værforhold:

Det var snøvær, nokre kuldegrader då ulykka skjedde.
Skredvarselet på varsom.no meldte skredfare 3-betydelig ulykkesdagen.

Øvrig info:

Mennene var lokalkjende og hadde kjørt i samme område mange ganger tidlegare. Dei brukte randonnéski og hadde skredsøkar, spade og søkestang, samt hjelm. Dei hadde også gått skredkurs.

 

Skredulykke Tottenveggen, Hemsedal, mandag 24.12.2012

Omkomne:

Ein mann, 42 år 

Snø- og værforhold:

Snøprofiler i området viste vedvarande svake lag i snødekket. Varsla skredfare var 3-betydelig. Mennene som var involvert i ulykken var klar over dette varselet.

Kaldt vær med noko nedbør og vind da ulykka skjedde.

Øvrig info:

Mennene var lokalkjente og ulykken skjedde på dagens tredje og siste tur ned området på skiers-left av Reidarskaret. Begge mennene hadde skredsøkar, spade og søkestang.

 

Skredulykke Skogshorn, Hemsedal, torsdag 03.01.2013

Omkomne:

Mann, 32 år

Snø- og værforhold:

Det var sterk vind med snøfokk og temperaturstigning da ulykka skjedde, det var varsla faregrad 3-betydelig. Skredet blei utløst i eit lag med kantkorna snø over og under eit skarelag. 

Øvrig info:

Skjedde då mannen saman med to andre klatrarar gjekk på beina i bratt snøterreng på veg til klatrerute. Dei hadde noko kjennskap til skredfaren i området og registrerte drønn i snøen da dei gjekk oppover. Gruppa hadde ikkje noko skredutstyr.

VI HAR ALL NØDVENDIG INFORMASJON! KVA GÅR GALE?

Om vi ser igjennom dei dødsulykkene som vi har hatt her i Norge dei siste åra kan vi sjå et tydeleg mønster. Som oftast er det faregrad 3 – betydelig, mykje nysnø siste 24 timar og kraftig vind. Alle tegn på betydelig skredfare er tilstades. I fleire av tilfella er det også slik at ofra har hatt kunnskapen til å gjere eller har gjort vurderinga at skredfaren ligg på 3 – betydelig. Likevel skjer ulykkene gang på gang. Vi lurar oss sjølv!

 

Sjølvsagt er det interessant å diskutere svake lag, snøprofilar etc. for å vurdere skredfaren. Men, i eksempla ovanfor treng vi ikkje gjøre det – vi har all den informasjonen vi har behov for om skredfaren. Hvis vi køyrer til jobben og ser bilar som ligg i grøfta veit vi at det er glatt utan å teste bremsene, ikkje sant?

 

Det heile handlar om beslutningstaking og menneskets natur. Dessverre er det slik at vi ofte brukar same måte å bestemme oss på når vi er ute i skredterreng som vi gjer i vår kvardag. Vi lar følelsen og instinkta ta overhand. Forskjellen er berre at når vi er i skredterreng er vi ein stad vi ikkje skulle vore. Skredterreng vil aldri bli et naturlig element for oss og vi treng reglar å forhalde oss til. Å la følelsa og instinkta ta ute på ski er naturleg, men ei felle som vi må unngå. Ian McCammon heldt ein presentasjon på ISSW allereie i 2002 om akkurat dette; ”Evidence of heuristic traps in recreational avalanche accidents”. Heuristikk er ein tankestrategi og problemløysingsmetode som muliggjer raske beslutningar.

 

6 MENNESKELEGE FEIL

Ulykkene skjer fortsatt, sjølv om mange skikøyrarar får større og større kunnskap om skred for kvart år som går. Det har blitt in med skredkunnskap og «snønerding». «Alle» veit at mykje nysnø og vind gir auka skredfare. Med Ian´s artikkel i bakhodet og fakta fra skredulykkene de siste åra er det altså heller den menneskelege faktoren vi bør fokusere på når vi driv skredopplæring!

 

Ian McCammons studie er mykje større enn den norske statistikken, men viser altså samme trend. Vi begår menneskelege feil. 622 ulykker var med i studiet og 1180 individer var innblanda.

 

Ian summerte opp 6 viktige menneskelege feil, og kalte dei FACETS etter forbokstaven i kvar faktor. FACETS er det same som fasettar, sukkersnø, kantkorn på norsk, einsbetydande med eit svakt lag. Vi går gjennom lista her – den gir deg masse nyttig kunnskap om menneskets natur og kan hjelpe deg å halde deg i live om du har den i bakhovudet ute på tur.

 

Familiarity

Ulykker skjer oftest på stader der folk har vore mange gongar før. Erfaringen fra tidlegare turar akkurat her og det at vi er kjent i eit område, gjer at vi pushar det lengre enn vi hadde gjort om vi var heilt ferske på ein plass. At ofra i Øksendalen hadde gjort mange turar i området tidlegere var sannsynligvis ikkje ein slump, truleg hadde dette betydning for valga dei tok denne dagen.

 

Acceptance

Dette er kanskje eit av de beste punkta i lista. Forskning viser at blanda grupper med kvinner og menn tar større sjanser enn grupper med bare menn. Tvertimot kva mange skulle tru!

 

Consistency

Om vi ikkje har ein plan B når vi dreg ut på tur vil vi presse oss lenger mot målet enn kva vi burde. Derfor: sjå til å ha ein god plan B for kvar tur du legg ut på. Om været, skredfaren eller formen ikkje tillet turen du hadde tenkt så får ein ta ein enklare og tryggare tur, eller dra til nærmaste skianlegg i staden. Denne faktoren skal du vere ekstra obs på i grupper på 4 eller fleire.

 

Experts

I dei fleste grupper og vennegjengar har vi nokon som er ein meir tydeleg leiar, den som er eldst, best på ski, lokalkjend osv. Dessverre er det sånn at det ikke betyr at det er denne personen som automatisk skal ta beslutningane når det gjeld skred. Mange grupper med låg skredkunnskap vel å følge ein slik person inn i farlege situasjonar. Når ei slik gruppe ikkje har ein tydeleg leiar, klarar dei derimot ofte saman å ta gode beslutningar.

 

Tracks/Scarsity

Pudderjakt gjer at ein tek forhasta beslutningar ute i terrenget, særlig når vi skal konkurrere om godene med andre grupper.

 

Social facilitation

Vi ønsker å gjere det betre når nokon ser på/evaluerer! Vi veit at når grupper med mykje skredkunnskap møter andre grupper i fjellet pressast dei med mykje kunnskap ofte til å ta dårlege val. Det er heilt normalt å pushe seg sjølv litt for langt for å vise at ein har peiling på noko. Grupper med låg kunnskap gjer det motsett, og blir enno meir tilbakehaldne.

 

KVA SKAL VI GJERE?

Den viktigaste bodskapen er at du skal tenke på desse faktorane. Ha dei i bakhovudet. Først og fremst må vi akseptere at sjølv den største ekspert påverkast av dei menneskelege faktorane. Mennesket blir «lurt» til å ta beslutningar som det utfra den kunnskapen det har ikkje burde tatt. For å forsøke å gjere noko med dette må vi klare å identifisere faktorane og sortere ut situasjonar der vi blir påverka av dei. Start med å sjå gjennom lista over menneskelege faktorar ein gong til. Og teip dei på innsida av gogglesa og på utsida av termosen. Så viktig er det.

 

Var dette lite handfast? Sjølv om du skal tenke meir på den menneskelege faktoren enn du har gjort før finst det livsviktige og lettare handterbare råd som må ligge i botn uansett – følg desse i vinter!

 

Uansett om de har planar om topptur eller heisbasert frikjøring gjeld følgande:

  • Bruk alltid skredutstyr (sender/mottaker, søkestang og spade)
    Sjå til å trene med utstyret så de veit korleis det skal brukast.
  • Skaff deg skredkunnskap. Ta eit skredkur
  • Skaff deg all tilgjengeleg info, her i Norge finn du aktuelle skredvarsel på varsom.no. For den som skal på ski på Strandafjellet fins det lokalt skredvarsel for skianlegget gjennom heile vinteren på facebooksida og som oppslag i skisenteret.
  • Ha med deg ein kompis på ski; nokon å diskutere vegvalg med, nokon som kan hjelpe om det skulle gå gale.

 

Når dette er på plass kan du tenke vidare:

 

  • Stå på ski i lag med folk som du kan snakke med og som du tørr å vere ueinig med. Berre det å ta opp spørsmålet om dette er smart har ofte ein svært viktig effekt når det gjeld å unnvike uhell.
  • Ta eit skredkurs i lag med dei som de står på ski med til dagleg, da veit de at de er ”kalibrert” og tenker på samme måten.
  • Vær observant på terrenget du rører deg i – vit det dersom du vel å gå/køyre ut i skredterreng og ta eit aktivt val. Er de det minste i tvil er det berre å snu med ein gang.