Er du vår nye stjerne?

Vi søkjer !

Gjennom fusjonen av Uteguiden og Valldal Naturopplevingar tilbyr Uteguiden AS den råaste kvaliteten av naturbaserte aktivitetar på Sunnmøre. Vi brenn for å skape minneverdige opplevingar sommar og vinter i heile regionen.

På bakgrunn av større etterspurnad og utvida tilbod ser vi etter ein person til stillinga som booking- og logistikkansvarleg. Stillinga er ei heilårstilling i 100%, der du må forvente arbeidsintensive periodar i høgsesong.

Vi søker deg som ynskjer å leve av å tilby og selje gode naturopplevingar i spektakulær natur. Stillinga vil innebere å bidra i den administrative daglege drifta av Uteguiden AS, der sal, booking, kundekontakt og logistikk er sentrale arbeidsoppgåver. Personen vi tilset vil bidra i utviklinga av Uteguiden AS for framtida.

Den vi tilset må kunne arbeide sjølvstendig i ein hektisk og stressande kvardag, ta ansvar og få arbeidsoppgåver gjennomført med korte tidsfristar. Du må ha ei profesjonell haldning som står i stil til jobben du skal utføre. Ekspert treng du ikkje vere, men ha stor vilje til å lære og utvikle deg sjølv. Tenkjer du langsiktig og er lojal vil du passe inn hjå oss.

Vi søkjer deg som

  • Har erfaring frå reiselivet og gjerne lokal kunnskap
  • Har relevant utdanning
  • Er strukturert og taklar høgt tempo og kan levere med korte tidsfristar
  • Har god skriftleg formulering på norsk og engelsk
  • Disponerer eigen bil

Dine arbeidsoppgåver vil vere

  • Sal
  • Booking og kommunikasjon med kundar
  • Organisere turar og sørge for god logistikk
  • Bidra i dagleg drift

Vi kan tilby

  • Konkurransedyktig løn
  • Pensjonsordning
  • Personleg utvikling
  • Gode rabattar på utstyr gjennom våre samarbeidspartnarar

Arbeidsstad
Vi har våre aktivitetssenter i Ålesund, Stranda og Valldal. Stillinga er ikkje låst til ein lokasjon og vil kunne tilpassast søkjar. Du må forvente å arbeide 1-2 dagar i veka utanfor din faste arbeidsplass.

Søknadsfrist 13.12.20.
Vi ynskjer at du sender oss ein videosnutt på maksimalt 2 minutt, der du kort presenterer deg sjølv og kvifor du passar inn hjå oss. CV og videosnutt kan sendast til oscar@uteguiden.com.

Planlagt oppstart er mars 2021.
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar Oscar Almgren – oscar@uteguiden.com eller 405 54 670.

 

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Book Now