Rafting guidekurs for nybegynnara og den som ønskjer ein spennande jobb som raftingguide!
Kurset går over 5 dagar og gir deg dei grunnleggande ferdigheitene for å kunne bli ein rafting guide.
Kurset følgjer standaren til International Rafting Federation (IRF) og er ein del av deira Guide Training & Education (GTE) program. Dette gjer at du me dette kurset, kan du få jobb heile verda som rafting guide!
Hovedfokus i kurset er praktisk læring, men det vil også vere viktige delar med teori undervegs. Du vil lære korleis elva oppfører seg, ulike faremoment og hindringar i elva, og raftingteknikk – korleis manøvrere raftingflåta trygt ned elva. Sikkerheit og fyrstehjelp, kommunikasjon på elva, arbeid i team og utstyr er også viktige moment.
Etter kurset mottar du eit «IRF Trainee» bevis. Dette gjer at du kan fortsette treninga di med ein tilbydar av rafting for å opparbeide deg den nødvendige erfaring og kompetansen for å bli ein sjølvstendig guide.
Kurshaldar er Alejandro Cuellar – Advanced Rescue 3 Instructor og IRF Raftguide/Safety Craft Instructor.
Vi i Uteguiden vil tilby 2 av deltakarane på kurset plass som treningsguide.
Du treng ingen erfaring frå tidlegare for å delta på kurset.
Du må vere 18 år
Normal fysisk form
Symjedyktig – og gla i vatn!
Oppfordrar lokale ungdom til å bli med 🙂
Pris 7499,- NOK
Student/ungdomspris 6499,- NOK
Du finn kurser på Facebook også